Dansa halling med motstandarane

Guttar 11-laget til Nordre Fjell kom heim frå Hallingcup med 10-4 i målforskjell og null tap.

Tekst og bilder: Anders Ekanger

Laget blei i fjor haust slått saman av to lag i same årsklasse, Ågotnes/Landro og Knappskog. Det har vist seg å vera svært fruktbart. Gutane er blitt gode kameratar, og foreldra begynnar også å bli ganske kjent.

Det tidlegare Ågotnes/Landro-laget har i fleire år reist til Eidfjord på cup, medan det tidlegare Knappskog-laget har reist til Bømlo på reisecup. Så kvifor ikkje gjera noko heilt anna når dei to no er slått saman?

Dermed blei det tur til Hallingcup på Gol. Og det falt i smak.

Det var spennande å møta heilt ukjente lag frå skibygdene og austlandet. Ville gutane få god matching? Kom dei til å tapa alt? Sommarfuglane fauk rundt både i magane og i dei 27 gradane i lufta. Men sommarfuglane kunne berre krypa rett tilbake i puppene sine. Gutane gjekk rett i strupen på alle motstandarlaga, og la ned kilometervis med meter og bøttevis med svette i løpet av fire kampar på ein dag.

Det blei scora frå midtbana, og det blei scora med hælen. For ein innsats!

INGEN klarte å overvinna laget frå Nordre Fjell. INGEN klarte heller å overgå heiagjengen av foreldre (les: mødre) som gav god gjengklang frå seg langs linja.

«Noooordre Fjell IL, ååå!»

Klubbsongen blei pugga på veg oppover i bilane. Pugginga blei til allsong, og enda med at alle fekk den fullstendig på hjernen.

Resultat:
Nordre Fjell – Jutul Rangers 2-0
Nordre Fjell – Drammen 2-0
Nordre Fjell – Jutul City 4-4
Nordre Fjell – Gol 2-0

Tusen takk for turen til alle 32 som var med! Ein kjempefin gjeng som ikkje på nokon måte utelukkar å ta turen oppatt på fjellet til neste år. Der var det fint.

Aktivitetskalender

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift